Logg inn for å bruke det skya biblioteket til laget ditt.
Biblioteket er delt med heile trenarteamet — ikkje berre lagra lokalt i nettlesaren din. Første person registrerer seg og oppretter eit team. Klikk 🔑-knappen i toolbar for å finne invitasjonskoden — send den til dei andre trenarane, så registrerer dei seg og skriv koden inn under "Bli med i team". Alt de lagrar dukkar opp for alle med ein gong.
Hovudbrettet viser ein innebandybane med 12 spelarar (6 per lag), ein ball og valgfrie objekt. Alt kan dragast og tilpassast. Du kan legge til fleire spelarar og ballar ved behov.
Drag spelarar, ballar og objekt. Klikk eit element for å velje det — skaleringshandtak vises. Høgreklikk for fleire val.
Klikk ein spelar og dra for å teikne rørslebane. Dra den lilla sirkelen midtvegs for å bøye banen til ein boge. Høgreklikk spelar for å teikne ny eller slette bane.
Vel undertype: Frihand (dra), Pil (dra start→slutt, dra midtpunkt for boge), Tekst (klikk). Ved Tekst kan du velje storleik (S/M/L/XL) og feit skrift før du skriv — eller høgreklikk ein eksisterande tekst for å endre storleik/feit skrift/farge i etterkant. Høgreklikk teikning for farge og slett.
Vel objekt frå paletten (kjegle, disc, hinder, benk, mini-mål, stasjon). Klikk på banen for å plassere. Drag for å flytte. Høgreklikk for roter 45° eller slett.
Klikk eit element i Flytt eller Marker-modus → stipla boks med fire kvite hjørnehandtak vises. Dra eit handtak for å endre storleik. Spelarar og ballar skalerast proporsjonalt, objekt kan stretchast asymmetrisk (t.d. gjer benken lenger utan å gjere den høgare).
Nedtrekksmenyen "+ Legg til" i toolbar gir deg:
Legg til ein ekstra ball. Har eigen posisjon per steg og animerer mellom stega. Høgreklikk for bounce og slett.
Legg til ein ny spelar direkte på banen. Høgreklikk spelaren for å gi namn og velje om det er målvakt eller utespelar.
| Funksjon | Korleis |
|---|---|
| ✏ Endre namn | Høgreklikk spelar → ✏ Endre namn. Skriv nytt namn (t.d. "10", "Hansen"). Maks 12 teikn. |
| 🎨 Endre farge | Høgreklikk spelar → 🎨 Endre farge. Vel individuell farge uavhengig av lagfarga. |
| 🥅 Målvakt | Høgreklikk spelar → 🥅 Gjer til målvakt / 🏃 Gjer til utespelar. Uavhengig av namn. |
| Lagfarge | Klikk dei farga prikkane ved "Lag:" i toolbar for å endre standardfarga for heile laget. |
Klikk "○ Runding"-knappen i toolbar for å bytte mellom to utsjånader:
Klassisk taktikksirkel med posisjonsbetegnelse. Enklast å arbeide med.
Strekfigurar med innebandyutstyr. Utespelarar har kølle og beskyttelsesbriller. Målvakter har brystbeskyttar, leggpads og keepermaske. Eksporter i denne modusen for å få figurar i JPG/GIF.
Klikk + Nytt steg i steg-baren. Spelarane startar der dei slutta i førre steg. Dobbelklikk steg-knappen for å gi det eit namn.
Den vesle sirkel-knappen mellom to steg i steg-baren set inn eit nytt steg akkurat der (klona frå steget før) — nyttig for å korrigere eller utdjupe utan å miste dei seinare stega.
Klikk ▶ Spel av eller trykk Space. Vel fart (0.5× – 3×) med pila ved sidan av knappen.
Høgreklikk ein ball → ◆ Legg til bounce. Drag den kvite diamanten mot vantet. Ballen sprettast via dette punktet i animasjonen.
Høgreklikk spelar → ⚽ Knytt ball til spelar. Ballen følgjer spelaren dette steget. I neste steg kan ballen vere fri (skutt/passa).
| Element | Val |
|---|---|
| Spelar | Tilbakestill posisjon · ✏ Endre namn · 🎨 Farge · 🥅/🏃 Keeper/Utespelar · Skjul/vis · Knytt ball |
| Hovudball | Tilbakestill posisjon · ◆ Legg til/slett bounce |
| Ekstraball | Tilbakestill · Bounce · Slett ball |
| Objekt | ↻ Roter 45° · ✕ Slett |
| Teikning / pil / tekst | Endre farge (7 val) · ✕ Slett |
| Spelar i bane-modus | ↺ Teikn ny bane · ✕ Slett bane |
Byttar alle spelarar og element til motsett side av banen. Nyttig for å vise same taktikk frå andre sida.
Tilbakestiller alle spelarar til standardposisjonar (berre gjeldande steg).
Angrar siste handling — flytt, bane, teikning, stegendring, objektplassering. Opptil 30 steg bakover.
Slettar heile brettet (alle steg, teikningar, banar). Krev stadfesting. Kan ikkje angrast.
| Funksjon | Kvar | Beskriving |
|---|---|---|
| Lagre .json | Fil ▾ | Lastar ned gjeldande brett (alle steg, spelarar, teikningar) som ei JSON-fil. Opnast igjen med "Last inn .json". |
| Last inn .json | Fil ▾ | Opnar ein tidlegare nedlasta .json og lastar inn brettet. |
| Bilete .jpg | Fil ▾ | Eksporterer gjeldande steg som bilete. Byt til figur-modus fyrst for spelarmodus i biletet. |
| Animasjon .gif | Fil ▾ | Lagar animert GIF av alle steg. Kan ta litt tid, og fargane kan bli litt upresise for små detaljar (256-fargers format). |
| Innebygd .html | Fil ▾ / Bibliotek | Lastar ned ei sjølvstendig HTML-fil med ekte fargar, spel av/stopp og runding/figur-veksel — kan brukast som <iframe> på ei nettside eller opnast direkte. Fungerer også for ein lagra mal via "↓ Fil ▾" i Bibliotek. |
| ★ Lagre som mal | Toolbar | Lagrar brettet i det delte biblioteket til teamet (sky, ikkje lokalt). Har du alt lasta inn ein mal, kan du velje Oppdater (skriv over) eller Lagre som ny. |
| ⧉ Kopier | Bibliotek | Lagar ein duplikat av ein mal eller økt, t.d. som utgangspunkt for ein variant. |
| 🔗 Del | Bibliotek | Slår på ei offentleg lenke til akkurat den malen/økta — ingen innlogging nødvendig for mottakar. Klikk "Delt" for å få lenka igjen eller avpublisere. |
| Eksporter/importer bibliotek | Bibliotek | Fil-basert backup/overføring av heile biblioteket (alle malar og økter) — nyttig ved bytte mellom team, ikkje den vanlege delingsmetoden lenger. |
| Del med spelarar | Øktplanleggar | Lastar ned heile øktplanen som ei HTML-fil spelarane opnar i nettlesaren — inkluderer klokkeslett, video/bilete og brett. |
Den vanlege måten å dele på no er via teamet: alle som er med i teamet (sjå "Team og innlogging" over) ser same bibliotek automatisk — ingen fil-sending nødvendig for internt bruk.
Dele med nokon utanfor teamet (t.d. spelarane sjølve): bruk 🔗 Del på ein mal/økt for ei offentleg lenke, eller last ned som "Innebygd .html"/"Del med spelarar" for ei fil dei kan opne utan innlogging.
Nedtrekksmenyen ved sidan av "○ Runding" i toolbar lèt deg velje mellom fem fargeprofilar: Mørk, Lys, Kontrast (høgt kontrastnivå for sterkt lys i hallen), Skog og Klubb (hentar aksentfargen frå klubbfargen din).
Klikk lagnamnet ditt øvst i toolbar for å laste opp klubblogo (PNG/SVG/JPG) og velje klubbfarge — begge delar blir lagra på teamet og vist på delte/eksporterte brett og økter.
Planlegg treningsøkter med øvingar, pausar og tekstblokkar (§). Set starttidspunkt — klokkeslett per øving bereknast automatisk og vert vist både i nedlasta HTML-fil og i den delte 🔗-lenka. Knytt eitt eller fleire taktikkbrett til ei øving — anten teikn eit nytt med "+ Knytt brett", eller hent ein ferdig mal rett frå biblioteket med "📚 Frå bibliotek". Trykk ▶ på ein brett-chip for å sjå animasjonen direkte i lista utan å opne malen. Tekstblokkar har ein enkel rik-tekst-editor (fet, kursiv, understreking, lister, lenke, farge). "Lagre økt" gir deg same val som malar — Oppdater eller Lagre som ny.
⬆-knappen ved sidan av video-feltet lastar opp eit eige klipp (MP4/WebM/MOV, maks 200MB) i staden for ei YouTube-lenke — spelast av direkte i staden for å lenke vidare ut av sida. Same ⬆-knapp finst ved biletfeltet for eigne bilete (PNG/JPG/WebP/GIF, maks 20MB).
Korleis skal malen lastast inn på taktikkbrettet?